PROSJEKTER

Prosjekter

CHIME – vårt internasjonale engasjement


Klubben har frå og med 2019 innleia eit samarbeid med CHIME – eit hjelpeprosjekt i Uganda med røter i Nordhordland. Initiativtakar og leiar Jenfrid Stellberg er ein velkjent og seriøs profil i Nordhordland. Prosjektet er utan kostnader i Noreg, slik at det som vert samla inn går uavkorta til prosjektet. Samarbeidet er tenkt å vera fleirårig.

CHIME er også kalla ”Griseprosjektet”. Grunn-ideen er nemleg denne: Ekstremfattige kvinner får ein gris i bingen, og når denne får grisungar betalar dei tilbake med to – ein lånegris og ein rentegris - som då på same måte går ut til to nye kvinner i køa. Sidan starten i 2009 er der plassert ut over 8000 grisar i over 100 landsbyar. Ein gris hjelper i gjennomsnitt ei kvinne og fem born ut av ekstrem fattigdom for alltid. Totalt har prosjektet gjeve hjelp til omlag 50 000 menneske.
Hovedprosjektet har etterkvart generert fleire aktivitetar og tiltak, les meir om dette på:
https://www.chime.no

Frå CHIME er det eit minimumskrav at alle prosjekt skal ha som mål å kunna stå på eigne bein økonomisk og at dei skal bidra til økonomisk vekst i lokalsamfunnet. Bærekraft står soleis heilt sentralt i filosofien bak CHIME.
CHIME vart etablert i 2009 som eit nettverk på 5 – 10 personar leia av Jenfrid. Nettverket har dei siste fem åra sendt over 1 mill. kroner årleg til prosjekta i Uganda. Der vert CHIME leia av to lokalt tilsette - Arthur og Hamid, som gjennomfører prosjekta i tett samarbeid med Jenfrid.
Kavlifondet er CHIME sin største samarbeidspartnar. 
Klubben skaffar inntekter til prosjektet bl. a. gjennom eit årleg medlemslotteri.

 

Janfrid i kvinnedrakt fra Uganda under eit Rotary-arrangement (konsert) til inntekt for CHIME i Knarvik Senter 2019.

 





Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Dampen
Adresse: Hagellia 6
Postnummer: 5914
Sted: Isdalstø
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 18:30:00
Møtespråk: no

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

District - Rotary RSS